Jordobservasjons-SFI til UiT

Universitetet i Tromsø har fått tildelt ein SFI frå forskingsrådet. Dette er ei stor fjær i hatten til forskingsmiljøet innafor jordobservasjon i Tromsø. Norut, Norsk Polarinstitutt,  met.no, Ksat og Spactec er mellom deltakarane i SFIen. SFI heiter «CIRFA – Center for integrated remote sensing and forcasting for Arctic operations»

Målet for forskinga på SFIen er

å gjere forsking som bidrar til av vi betre kan overvake Arktiske  farvatn (havtilstand, sjøis, detektere isfjell, oljesøl), og samtidig utvikle metodar som effektivt kan nyttiggjere seg denne informasjonen til å varsle vêr og sjøtilstanden.

Det dreier seg om forskning på korleis vi kan auke  informasjonsmengda som kan hentes ut fra frå satellittdata, men også av data frå overvakingsinstrument plassert i  i UAVar (droner) og fly.

Dette prosjektet vil  bidra til at operasjonar i arktiske farvatn (olje& gas, shipping) utgjer ein mindre risiko for miljøet.

 

 

Posted in Ymse Tagged with: