Fornøyd med at Copernicus kjem inn i statsbudsjettet

Rommiljøet i Tromsø og Noreg reagerte med jubel då det i dag var klart at Noreg skal delta i EUs store romprogram, Copernicus.

Regjeringa hadde i sitt opprinnelege forslag til statsbudsjett ikkje løyva pengar til norsk copernicusdeltaking. Det var derfor svært bra at det kom med i avtalen mellom Høgre, Frp, Krf og Venstre. Det har vore jobba i ein brei koalisjon for å få dette til. Byrådet i Tromsø anført av Jonas Stein og Øyvind Hilmarsen har påverka sine parti godt. På Stortinget har vi hatt eit svært godt samarbeid med Øyvind Korsberg frå Frp som har vore viktig for å få dette til. Også Torgeir Knag Fylkesnes, SV og Martin Henriksen, Ap har drive eit godt og positivt påverkningsarbeid.

No kan vi vere trygge på å få tilgang til jordobservasjonsdata over norske område frå Sentinell-satellittane Illustrasjon: ESA/ATG medialab

No kan vi vere trygge på å få tilgang til jordobservasjonsdata over norske område frå Sentinell-satellittane
Illustrasjon: ESA/ATG medialab

 

Bakgrunn

Copernicus er Europas store jordobservasjonsprogram for miljø og tryggleik. Den første delen har vore i regi av European Space Agency (ESA), men frå 2015 går programmet inn i ei ny fase og då er det EU som overtar ansvaret. Denne  fasen vil vare ut 2020, og programmet gjev store moglegheiter for å utvikle norsk industri og norske forskingsmiljø. Det vil og vere sentralt for å forstå og overvake nordområda, for  miljøovervakning, vêr, oljesøl, skip og is. Dette ville vi gå glipp av om Noreg ikkje hadde blitt med i Copernicus.

Norsk forsking og næringsverksemd basert på jordobservasjonsdata er verdsleiande, spesielt på tenester knytt til havovervaking av mange slag. KSAT er for eksempel rangert som nummer ein i Europa for oljesølovervaking. Met.no og Nansen-sentret i Bergen har begge viktige roller i havovervakingstenesta MyOcean. Dersom Noreg ikkje blir med i dette store miljøovervakingsprogrammet vil kunnskapsgrunnlaget for Noregs miljøpolitikk svekkjast.

Korfor er Copernicus viktig:

  1. Dette er det største prosjektet for å overvake det globale miljøet og klimaet. Det vil vere urimeleg om Noreg Ikkje tar sin del av arbeidet med å sikre faktagrunnlaget for egen og internasjonal miljøpolitikk. Norsk næringsliv og forskingsmiljø vil kunne miste leiande roller.
  2. Norsk deltaking vil sikre at satellittane faktisk er påslått og hentar inn data over norske hav- og landområder og Nordområda. Det er deltakarane i programmet som avgjer kva område som skal prioriterast. Norsk deltaking vil sikre at vi har tilgang til all informasjonen som kjem gjennom systemet.
  3. Dette er det første store observasjons- og anvendelsesprosjektet i regi av EU. Det er viktig at Noreg er med for fullt og i prosjekt utanfor ESA, spesielt om ESA blir mindre viktig i framtida og EU tar ei større rolle slik dette prosjektet kan bere bod om.
  4. Programmet kan gje store industrielle ringverknader i Noreg innan vekstområdet romverksemd. Det er forretningsmulegheiter for norsk industri både innafor leveransar til satellittar, innafor kontroll av satellittane, innafor nedhenting av informasjon frå satellittane, og gjennom prosessering og sal av informasjon frå systemet.

Samfunnsnytte

KSAT stasjon på Svalbard, SvalSat, er i dag ein av hovudstasjonane i Copernicus nettverket. Denne aktiviteten bidrar til å sikre nye arbeidsplasser utanom gruvedrifta på Svalbard og der igjennom bidra til utvikling av samfunnet og sikre norsk nærvær på Svalbard og i nordområda. KSAT og Svalbard kan miste denne aktiviteten dersom Noreg vel å stå utanfor programmet.

Den neste store innovasjonsbølga?

Gjennom Copernicusprogrammet vil deltakarane få tilgang til enorme mengder data. Omforminga av data til informasjon, kombinasjon av ulike sensorar og «big data» teknologi opnar for uante nye produkt og tenester. Internasjonalt meiner ein at marknaden for ulike jordobservasjonstenester vil auke kraftigare enn resten av økonomien og at marknaden i Europa vil nå ein milliard euro i 2015 (to milliardar euro globalt). Norge er, basert på dei bedriftene vi har, og dei forskingsmiljøa vi har, godt posisjonert til å ta del i denne veksten.

Posted in GMES Tagged with: ,