Satsing på rom er viktig for Norge og Tromsø

Kronikk i Nordlys 11. oktober 2014

For litt over eit år sidan behandla Stortinget ei Stortingsmelding om norsk romverksemd. Behandlinga viste at det var tverrpolitiske einigheit om at rom er viktig for Norge, for norsk industri og for forsking.

Eit einstemmig Storting slutta seg til næringskomiteen si formulering:

Komiteen er fornøyd med at regjeringen vil føre en proaktiv politikk for å sikre norske interesser i EUs romprogrammer, og jobbe for å sikre at Copernicus og Galileo får god ytelse over norske interesseområder. Komiteen forventer at det føres en aktiv politikk for å ivareta norske interesser i Galileo og Copernicus.

Det var derfor overraskande at årets forslag til statsbudsjett ikkje vidareførte denne tverrpolitiske einigheita om satsing på rom og romindustri. I årets statsbudsjett fann ikkje regjeringa plass til norsk deltaking i det globale jordobservasjonsprogrammet Copernicus. Med Copernicus-programmet byrjar ein ny fase innan satellittbasert jordobservasjon. I statsbudsjettet legg regjeringa opp til at Norge skal vere gratispassasjer på det som skjer i EU.

Den første av satellittane i Copernicusprogrammet.  Illustrasjon: ESA/ATG Medialab

Den første av satellittane i Copernicusprogrammet. Illustrasjon: ESA/ATG Medialab

La oss derfor kort sjå på alle grunnane til at Norge burde delta i Copernicus:

  1. Dette er det største operative programmet for å overvake det globale miljøet. Det vil vere urimeleg om Noreg som eit svært rikt land ikkje skulle delta i dette prosjektet.
  2. Norsk deltaking vil sikre at satellittane faktisk er påslått og innhentar data over norske hav- og landområder. Radarsatellittane brukar mykje straum når dei er påslåtte og kan ikkje vere på heile tida. Vi kan ikkje rekne med at dei er påslåtte over Barentshavet når vi treng at dei er det om Noreg ikkje er med.
  3. Norsk deltaking vil sikre at vi har tilgang til all informasjonen som kjem gjennom systemet. Land utanfor systemet vil oppleve begrensingar på tilgang.
  4. Det vil ikkje vere mogeleg for norske aktørar å få roller i dei operative tenestene som planleggast innanfor Copernicus, for eksempel hav, maritim sikkerheit, land, klima og atmosfære og katastrofehandtering om vi ikkje er med.
  5. Programmet kan gje store industrielle ringverknader i Noreg. Det er forretningsmulegheiter for norsk industri både innafor leveransar til satellittar, innafor styring og kontroll av satellittane, innafor nedhenting av informasjon frå satellittane, og gjennom prosessering og sal av tenester basert på Copernicus.

Allereie har norsk deltaking i den førebuande fasa av Copernicus ført til kontraktar med norsk industri og norske forskingsinstitutt på meir enn 56 millionar euro. Ein stor del av dette har hamna i Tromsø, både innan industri og forsking. Norsk industri og norske forskingsmiljø har stolt på den tverrpolitiske einigheita og investert i kunnskap og kompetanse for å ta del i denne utviklinga.

Norsk Romsenter anslår at norsk industri og norske forskingsinstitutt har eit potensiale til å vinne kontraktar med Copernicus på i overkant av ein milliard kroner. Ein stor del av dette kan gå til Tromsø. Det er i Tromsø vi har dei fremste bedriftene og nokre av dei fremste forskingsmiljøa på jordobservasjon, ikkje berre i Noreg, men i verda. Kongsberg Satellite Services, Norut, Universitetet og Spacetec er viktige aktørar som vil vere avskorne frå å delta i konkurransen om desse kontraktane om Norge ikkje deltar i Copernicus.

Meterologisk Institutt oppsummerer på nettsidene sine nokre av ulempane med at Norge står utanfor på denne måten:

Meteorologisk institutt vil, sammen med andre norske forskningsinstitusjoner merke konsekvensene av at Regjeringen trekke Norge ut av EU samarbeidet Copernicus. Dette er et forskningsprogram som har som et mål å bedre sikkerheten til sjøs og i nordområdene.

– Fram til nå har Norge hatt en ledende rolle som havkoordinator i nordområdene, og deltatt i flere store hav og atmosfæreprosjekter. Denne rollen vil vi miste.

Copernicus er eit viktig globalt program. Det opnar for ny kunnskap om dei globale klimaendringane, det legg til rette for å skape nye produkt og tenester som vil gje store verdiar til samfunn og næringsliv, det opnar å effektivisere og vidareutvikle bruken av satellittdata i offentlege institusjonar. Men, sjølv om Copernicus er viktig globalt er det kanskje aller viktigast i nordområda og for Norge.

Dersom vi vil vite kva som skjer i havområda våre, så treng vi satellittdata. Kystvakta sine skip og fly kan ikkje vere over alt til ei kvar tid. Dersom vi skal kunne operere trygt i Barentshavet og Nordishavet, anten det er fiske, transport eller olje treng vi satellittdata. Copernicusprogrammet opnar opp for betre oljesølovervaking og betre overvaking av skipstrafikk. Kanskje vil EU gje oss dei data vi treng, men det veit vi ikkje, om vi ikkje er med og betaler rekninga.

Det å vere med i Copernicus ville vore ei viktig nordområdesatsing. Det ville vore ei satsing både på nordnorsk industri og forsking og ei satsing på kunnskap om nordområda.

Vi håper og trur at den politiske einstemigheita som har vore om å satse på nordområda, om å satse på kunnskapsindustri, om å satse på miljøet vil gjere at Stortinget finn saman i budsjettforhandlingane og løyser den floka som har oppstått.

Utfordringa går til alle dei nordnorske stortingsrepresentantane og til alle på Stortinget som er glad i kunnskap og glad i nordområda.

 

Posted in GMES Tagged with: ,