Interessant frokostseminar om Norsk Senter for romvèr

Dei oppmøtte fekk to interessante timar med diskusjon om romvèr og kva betydning det nye romvèrsenteret kan få for Tromsø og Noreg.

magnar_frokostseminarMagnar Gullikstad Johansen hadde innleiing om kva romvèr er og korleis det påverkar oss. Hovudpoenget var at vi i Arktis er påverka av romvèr heile tida, ikkje berre når det er solstormar eller liknande.

Denne påverknaden gjev oss sjølvsagt nordlys, men har og betydning for flytrafikk, oljeboring og meir. I takt med at den økonomiske aktiviteten i høgarktis utviklar seg blir det og behov for betre varslar om kva aktiviteten på sola betyr her nede på jorda. Det ny romvèrsenteret er ein del av svaret.

Romvèrsenteret har eit godt internasjonalt samarbeid rundt heile kalotten og med Europa. European Space Agency jobbar med å utvikle ei europeisk romvèrteneste, noko Norsk Ropmvèrsenter og er ein del av.

Du kan finne ut meir på www.spaceweather.no

Posted in Arrangement Tagged with: , ,