Hundre-millionars kontrakt til Kongsberg Spacetec

På ein pressekonferanse i dag annonserte Bjørn Kanck at Spacetec har fått ein kontrakt med Raytheon på over hundre millionar.

Marknadssjef Harald Lauknes legg fram den nye kontrakten til Spacetec.

Marknadssjef Harald Lauknes legg fram den nye kontrakten til Spacetec.

Spacetec skal levere bakkesegmentet til til satellittprogrammet JPSS. JPSS er den nyaste generasjonen av amerikanske meteorologiske satellittar. Kontrakten er basert på Spacetec sine standardprodukt, men sjølvsagt tilpassa denne kunden. Spacetec leverer utstyret som tar mot, fortolkar og tar vare på data frå satellittane. Saman med kontrakten med ESA for dei tre første sentinellsatellittane viser dette at Spacetec er verdsleiande innafor levering av bakkestasjonar.

Her kan du lese meir om JPSS på Wikipedia (på engelsk)

 

Posted in Ymse Tagged with: