Statsråd Monica Mæland møtte rommiljøet i nord

Tysdag 26. november besøkte statsråd Monica Mæland Tromsø. Vi er glade for at ho tok seg tid til å bruke halvanna time saman med rommiljøet i nord.

maland

Næringsminister Monica Mæland og byrådsleiar Øyvind Hilmarsen fekk informasjon og kunnskap om rom-næringa i nord.

Under besøket hos Ksat fekk ho høyre om dei framtidsmoglegheitane som finst om vi saman vidareutviklar rommiljøet. Rom-næringa i nord har vokse valdsamt dei siste åra og omset no for over 600 millionar i Tromsø innafor både forsking og forretning. Noko av det aller viktigaste for å halde fram denne veksten er at Noreg blir med i Copernicus. Det vil trygge tilgangen til data som både næringsliv og forksingsinstitusjonar er avhengige av. Det er fleire grunner til at dette er eit svært viktig prosjekt for Noreg å vere med på:

  1. Dette er det største prosjektet for å overvake det globale miljøet. Det vil vere urimeleg om Noreg som eit svært rikt land ikkje skulle delta i dette prosjektet.
  2. Norsk deltaking vil sikre at satellittane faktisk er påslått og innhentar data over norske hav- og landområder. Radarsatellittane brukar mykje straum når dei er påslåtte og kan ikkje vere på heile tida. Vi kan ikkje rekne med at dei er påslåtte over Barentshavet om Noreg ikkje er med.
  3. Norsk deltaking vil sikre at vi har tilgang til all informasjonen som kjem gjennom systemet
  4. Dette er det første store romprosjektet i regi av EU. Det er viktig at Noreg er med for fullt og i prosjekt utanfor ESA, spesielt om ESA blir mindre viktig i framtida og EU tar ei større rolle slik dette prosjektet kan bere bod om
  5. Programmet kan gje store industrielle ringverknader i Noreg. Det er forretningsmulegheiter for norsk industri både innafor leveransar til satellittar, innafor styring og kontroll av satellittane, innafor nedhenting av informasjon frå satellittane, og gjennom prosessering og sal av informasjon frå systemet.

Statsråden vart kjent med dei viktigaste bedriftene og institusjonane i Nord-Noreg. I tillegg til tromsømiljøet deltok både Høgskolen i Narvik og Andøya Rakettskytefelt.

 

 

Posted in GMES Tagged with: ,